Siesta Classic

Frå Sunnmøre til Det hvite hus

VISITMR

Korleis kan det ha seg at design har stått så sterkt i den lille bygda Sykkylven på Sunnmøre med knappe 8000 innbyggjarar? Korleis klarte ein her å lage ein stol som vart seld til den amerikanske presidenten? Kva er det med Sykkylven? Ta deg ein tur langs Designvegen og sjå om du finn svaret.

På eit tidspunkt var det 120 møbelfabrikkar i den lille sunnmørsbygda Sykkylven. Her er det designa flotte møblar opp gjennom åra, og nokre har endt opp som møbelklassikarar som framleis er i produksjon.

Å ta designvegen* til Sykkylven er perfekt for alle som er interessert i møbeldesign og norsk møbelhistorie. Kanskje finn du også ut kva som gjer denne regionen så spesiell?

DESIGNVEGEN

  • Sykkylven er ein stoppestad på Designvegen, fylkesveg 60. Designvegen frå Ålesund til Stryn langs fylkesveg 60 har ei unik industrihistorie med utforming og produksjon av møbel, klede og tekstil gjennom meir enn hundre år. I det vakre fjordlandskapet vaks det fram mange handverksbedrifter, som i dag er moderne industriverksemder med nokre av Norges mest kjende merkevarer.
  • I sommar er det ei fin markering av møbelhistoria her i landet. Dette skjer i Sykkylven, og her er det mellom anna jubileumsutstilling for møbeldesignaren og interiørarkitekten Ingmar Relling. Han er kanskje aller mest kjent for å ha designa stolen Siesta. Utstillinga kan nytast gjennom heile sommaren, frå 20. juni og fram til 9. august, dagane torsdag, fredag, laurdag og søndag kl. 12 – 17.

Skaparglede

For det er heilt klart noko spesielt med Sykkylven, Sunnmøre og Møre og Romsdal. Regionen er norsk møbelindustri si vogge, og her har skaparglede og forretningsteft lagt grunnlaget for verdiskaping i fleire mannsaldrar.

Designvegen
Stolen Siesta blei designa av Ingmar Relling i 1965. Den enorme populariteten til Siestastolen bidrog til at Norge vart sett på det internasjonale møbelkartet. (Foto: Oddgeir Visnes)

Møbelfabrikk-mekka

– Det er imponerande korleis det vaks fram. Den spede starten for møbelproduksjon på Sunnmøre var på Stranda i 1908. Dette ga arbeid også for folk frå nabobygda Sykkylven. Etterkvart tok dei med seg kunnskapen heim og starta opp eigne fabrikkar. Sjølv om talet på møbelfabrikkar i dag er langt lågare, er møbelindustrien framleis viktig i Sykkylven. Ekornes er ein av dei mest robotiserte fabrikkane i landet, og sysselset 1000 personar i Sykkylven. I tillegg blir det produsert møblar både hos Formfin, Jarnes Møbler, Brunstad og LK Hjelle, seier prosjektleiar Åsne Folstad i Designvegen.

Jubileum for Siestaens far

LK Hjelle produserer mellom anna stolen Siesta, som blei designa av Ingmar Relling i 1965. Den enorme populariteten til Siestastolen bidrog til at Norge vart sett på det internasjonale møbelkartet, og sjølv i Det hvite hus i Washington sikra dei seg stolane – 16 stk! Siesta er i dag ein klassikar, og meir enn 1 millionar stolar er seld til 50 land.

Ingmar Relling er rekna som den første designaren som tok industridesign på alvor då fabrikkane gjekk over frå handverk til industri. I år er det 100 år sidan Relling vart fødd, og det blir markert med jubileumsutstilling i Sykkylven.

Designvegen, Relling møbelutstilling i sykkylven
Relling gjør møbler til kunst (Foto: Oddgeir Visnes)

Relling – ein framsynt designar

– Dei gamle ikonmøblane til Relling er utruleg fine. Men ikkje berre det. Relling var så smart. Han tenkte på korleis han kunne industrialisere produksjonen, og at møblane enkelt kunne tas fram og pakkast vekk når dei ikkje var i bruk. I det låg det også at det skulle vere enkelt å frakte møblane – då kunne han selje til andre delar av landet. Han tenkte på heile verdikjeda, og var svært framsynt, seier Folstad.

- Eg likar å stå i verkstaden og forme dei uttrykksfulle møbelskulpturane til Peter. Eg trur at objekta vil få eit langt liv — i grenseland mellom møbel og kunst, fortel dagleg leiar i Cylindra Kjellbjørn Opsvik.
- Eg likar å stå i verkstaden og forme dei uttrykksfulle møbelskulpturane til Peter. Eg trur at objekta vil få eit langt liv — i grenseland mellom møbel og kunst, fortel dagleg leiar i Cylindra Kjellbjørn Opsvik.

Etterkommar etter den aller første møbelfabrikken

Ein annan framtredande designar frå regionen er Peter Opsvik. Ved sidan av å vere jazzmusikar er han meir enn gjennomsnittleg oppteken av form og ergonomi. Han har mellom anna designa barnestolen Tripp Trapp, kontorstolen Capisco og balans-stolane, og har også ein annan, svært spesiell møbelkolleksjon som i dag blir produsert av Cylindra AS.

Cylindra starta opp i 1989 som ei vidareføring av Tusvik Møbelfabrikk, som var etablert 1911. Tusvik Møbelfabrikk var den aller første møbelfabrikken i Sykkylven. Dagleg leiar ved Cylindra, Kjellbjørn Tusvik, er barnebarn av gründaren, og er møbelprodusent i tredje generasjon.

Cylindra natur
Den sunnmørske naturen har vore til sterk inspirasjon for designar Peter Opsvik. Cylindramøblane er utstilt på Galleri Cylindra i Sykkylven.

Inspirert av naturen

– Møblane vi lagar her er designa av Peter Opsvik, og dei er i grenseland mellom møbel og kunst. Designet er inspirert av fjella og tindane her på Sunnmøre, men også ein god porsjon fri fantasi. I dag blir det produsert i ask, men vi har også brukt meir edle treslag som vi hadde liggande. Vi vil ikkje bidra til nedhugging av regnskog, men vi har sett det som ein fordel å foredle trevirke som allereie var henta inn til landet, og gjere det om til noko haldbart. Dette er neste generasjons samlarobjekt, meiner Tusvik.

Les mer

Norsk design viktig

Mange designinteresserte i ulike delar av verda har fått augene opp for dei spesielle møblane, som er utstilt i Sykkylven heile året.

– Eg har hatt 30 utstillingar i USA. I Chicago, New York, Fort Lauderdale, Miami, West Palm Beach og Palm Spring. Amerikanarane har vore svært begeistra for desse arbeida til Peter Opsvik. Også i Europa har dei vore vist mange gonger, både i samband med kulturelle utstillingar i museum, og på designutstillingar i Edinburgh, Køln, Paris, Bratislava, Wien m. fl . Cylindra-objekta er utstilt på museum i Kina, og har også vore på utstilling i Tokyo. Redaktøren av Design News i Tokyo, meinte at ein kunne samanlikne arbeida til Peter Opsvik med eit litterært meisterverk. Og det er ikkje dårleg. Det typiske publikummet eller kunden, er folk som er opptekne av å ha noko som naboen ikkje har, og for mange er det også viktig å vise at dei har norsk design, fortel Tusvik.

I møbelmuseet i Sykkylven får ein eit godt innblikk i møbelhistoria i Norge. Her demonstrerer Svein Asbjørnsen at lenestolen Flex kan foldast saman, noko som var framsynt av designar Ingmar Relling. Asbjørnsen arbeidde i mange år saman med Relling.
I møbelmuseet i Sykkylven får ein eit godt innblikk i møbelhistoria i Norge. Her demonstrerer Svein Asbjørnsen at lenestolen Flex kan foldast saman, noko som var framsynt av designar Ingmar Relling. Asbjørnsen arbeidde i mange år saman med Relling.

Kva gjer Sykkylven spesiell?

Kva er det så som gjer at Sykkylven vart så stor på møbeldesign og -produksjon? Svara kan vere fleire. Er det naturen? I slåande vakker natur med store kontrastar får ein kanskje ekstra inspirasjon til å skape noko usedvanleg fint sjølv. Kanskje er det kulturen? Mange av dei talrike møbelfabrikkane i Sykkylven var kjellarverksemder. Tusvik i Cylindra trur ein av grunnane til at det var så mange møbelfabrikkar var at folk inspirerte kvarandre, eller – la oss kalle ein spade for ein spade – konkurranseinstinktet.

– Dersom ein person hadde starta ein møbelfabrikk, kunne det vere slik at kona i nabohuset sa til mannen sin: Ja-ja, dei får det til hos naboen. Du får sjå til å starte opp du også!

Då blei det gjerne slik. Og slikt blir det aktivitet av.