Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Sunnmøre Museum

02/12/2022
Sunnmøre museum byr på mangfaldige museumsopplevingar. I friluftsmuseet er det samla bygningar frå heile Sunnmøre, som fortel om levemåten i det gamle bondesamfunnet. Dei fleste livnærte seg av ein kombinasjon av jordbruk og fiske. Husa var mange, dei stod tett og dei skulle fylle mange funksjonar. Naturtilhøva, næringsgrunnlaget og eigedomstilhøva har vore med og forma den særlege sunnmørske byggeskikken. Etter kvart vart skulen og bedehuset sentrale forsamlingshus i bygdene. I friluftsmuseet blir du kjend med alle dei ulike bygningane og funksjonane dei dekte. TradisjonarBygging og bruk av båt har lange tradisjonar på Sunnmøre. Ved kaia og i båthallen syner vi dei lange linjene i båttradisjonane på sunnmørskysten. Her blir du kjend med korleis folk levde i det førmoderne Sunnmøre. Inne i hallen kan du sjå ei stor samling opne tradisjonsbåtar, mellom anna den einaste attverande originale sunnmørsåttringen. Utstillinga viser òg kopiar av jernalder- og vikingskip frå Fjørtoft og Kvalsund, basert på arkeologiske funn, og båtar knytte til andre verdskrigen. Ved museumskaia ligg fleire båtar og fartøy. Fiskekuttaren MK Heland deltok i englandsfarten under andre verdskrigen som «shetlandsbuss». Borgundknarren er ein kopi av eit handelsskip frå 1000-talet funne i Roskilde fjord i Danmark, og han kan leigast til kortare eller lengre turar. Dei mindre, opne tradisjonsbåtane som ligg ved kaia, bruker vi i skuleformidling, og nokre av dei kan ein leige i sommarsesongen. Sjå og gjereI hovudbygget viser vi både faste og temporære utstillingar. I 2022 opnar ei ny basisutstilling. Borgundgavlen er dessutan eit mykje brukt tur- og rekreasjonsområde, som er ope for publikum heile året. Her kan du spasere på fredelege skogsstiar, vandre mellom dei gamle gardstuna og kanskje avslutte med kaffi og svele i museumskafeen. Opningstider 2022Tysdag – fredag12 - 18 Laurdag – søndag 12 - 16 I perioden 24. juni – 21. august: Måndag – fredag 10 - 16 Laurdag - søndag12 – 16Inngang, inkludert besøk på Middelaldermuseet: Vaksen:Kr. 110Barn (til 18 år): Gratis

/ Ålesund /

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjons-kapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjonskapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.