Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Norangsdalen — Dronningruta”

© Terje Rakke/Nordic Life/Destinasjon Ålesund & Sunnmøre
© Terje Rakke
22/04/2020
Norangsdalen er eit dalføre rikt på både natur- og kulturopplevingar. Det er ein stille seterdal utanfor allfarveg, og mellom dei trongaste dalføra i Noreg. Dalen ber tydeleg preg av kampen mot naturkreftene. Ved Jelskredsvatnet er dalbotnen fylt av utrasa ur. På Urasætra og Stavbergsætra la dei husa inn i bakken som ly mot ras. Lygnstøylvatnet vart danna av eit ras frå keipen i 1908. I vatnet ser ein enno restar etter den gamle vegen, setermurane og grinda.

Det er historisk sus over Norangsdalen. Ved forrige århundreskifte ankra turistskipa opp ved Øye. Hestekjerrene frakta mang ein namngjeten person på den gamle ferdselsvegen gjennom dalen til Hellesylt, og etter "Silver Cruise" i 1993, fekk Norangsdalen tilnamnet "Dronningruta". 7 europeiske dronningar har teke turen gjennom Norangsdalen.

Se mer: Attraksjoner i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Ørsta / Ørsta