Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Hjørundfjorden

© Terje Rakke
22/04/2020
Hjørundfjorden med Sæbø, Trandal, Øye, Bjørke og Standal skjer seg 35 km inn gjennom fjellmassivet i Sunnmørsalpane. Den kløyver landskapet i to like store halvdelar og vert ramma inn på begge sider av ein taggete mur av loddrette fjell. Høgda på fjella stig di lenger inn ein kjem, frå Jønshornet (1419) lengst ute i fjorden til Kviteggja (1717) i sør, grensefjellet mot Norfjord.

Langs fjorden har folket ein forteljartradisjon med "Olavssegner". Ei av segnene seier at Trollgjøttemannen i fjellet Nes-staven vart stempla inn i berget då pila til Heilag-Olav streifa det. Etterpå slo pila tilbake til Standal og vart ståande på marka, der ho står den dag i dag.

Se mer: Aktiviteter i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Ørsta / Ørsta