Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Fiske og jakt i Sunnmørsalpane

© Terje Rakke
22/04/2020
Området byr på gode fiskevatn, lakseelvar og fiske i fjordar og ope hav. Lokale fiskekort kan ein kjøpe på overnattingsstadar, butikkar, hos privatpersonar eller i sjølvbetjeningskasser. Området byr på fint jaktterreng - både storvilt, fugl og småvilt.

Før du kjøper fiskekort for vatn og lakseelvar, må du betale fiskeavgift til staten. Fiskeavgiftskortet kan kjøpast på postkontoret, og kortet må takast med under fisket.

Fiske i elvar og vatn

I Ørsta er det 9 lakseførande vassdrag. Ørstaelva og Bondalselva er kjende som gode laks- og aureelvar. Gode fiskevatn for aure og røye er Hovdevatnet, Bjørdalstjørna, Kvanndalsvatnet og Vatnevatnet. Sti for rullestolbrukarar langs Ørstaelva på Ose.

Fjord- og havfiske

Frå dei inste fjordane og heilt ut mot øyane i Ytre Søre Sunnmøre finst utfordringar for dei fleste fiskeentusiastar. Både frå land og båt er det mogleg å lande ein brukbar fangst av torsk, sei, hyse m.m. Hobbyfiske til eige forbruk er fritt, ein kan nytte stang, snøre og dorg. Ørstafjorden, Vartdalsfjorden og Hjørundfjorden er svært fiskerike fjordar. Fiskeplass for rullestolbrukarar på Rjånes. Det er høve til å leige båt eller melde seg på organiserte fisketurar fleire stader i regionen.

Jakt

Regionen har mange område som gir rikt høve til både små- og storviltjakt. Jaktkort kan løysast hos grunneigar, lag eller ved sjølvbetjeningskasser.

Se mer: Aktiviteter i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Ørsta / Ørsta