Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Alpehytta og Geithornhytta

© Alpehytta
22/04/2020

Velkomen til Standaleidet - i hjartet av Sunnmørsalpane!

Her er 18 soveplasser totalt for begge hyttene. Begge hyttene har store, romslege terrasser med sittegrupper. Her er romsleg stove, kjøkken og Dusj/toalett. Her er og jacuzzi og stort selskapslokale.

Høver godt som familiehytter, og har både TV og internett.

Hyttene er og populære for fjellgrupper/turistar, og her er fleire aktivitetar og turar i nærområdet:

Dei mektige fjella, dei djupe dalføra, kulturlandskapet med gamle setrar og spor frå farne tider, gir opplevingar både for kropp og sjel. Å gå på dei høgste tinder krev kunnskap om farbar veg og sikring.

I nærområdet kan ein gå kortare eller lengre turar som t.d. til den verneverdige Myklebustsetra. Ein kan få prøve seg i ein liten motbakke til Bjønnanakken og Kvanndalen. Ein litt lengre tur er til Fladalen, Nøvedalen, Kalvedalen og Koppen. I dalføra ligg også fjellvatna, der auren bit villig. Standalvatnet ligg 2 min frå hyttene. Her er brygge og bademulegheiter. Og om vinteren skeiseis.

Når snøen legg seg får landskapet eit heilt anna preg. Dei reine, kvite fjelltoppane lokkar skiglad ungdom til luftige svev, og i fjellsidene danner skispora galante formasjonar.

Velkomen!

Se mer: Overnatting i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Ørsta / Vartdal