Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Sandøy kommune

© Sandøy Kommune
© Sandøy Kommune
22/04/2020

Ikkje tilfeldig, men som i ei ordna rekke skapt av ei historisk skaparkraft, ligg Nordøyane som ei grense mot storhavet, i ferdselsåra mellom jugendbyen Ålesund og jazzbyen Molde. Lengst nord i denne øyrekka finn du Sandøy kommune med sine 872 øyar, holmar og skjer.

Om lag 1325 innbyggjarar fordeler seg og sitt daglege verke og bupel på øyane Harøy, Finnøya, Sandøya, Ona og Orten. Her finn du framtidsretta, verdensleiande verksemder og eit levande lokalsamfunn med mennesker som skaper sin eigen kvardag, både i arbeid og fritid.

980 km2 havland omkransar 20 km2 tørrskodd land med ei samla kystline på 245 km.

Mot vest ligg ein vernande skjergard som gir livd for storbåra. Men og ein lunefull fallgard som kun dei mest sjøvante kan ta seg fram i. Mot aust ei høgreist fjellrand i flørtande konflikt med dei tidlege solstrålane.

Her finn du mykje hav, og mykje himmel. Elementa i eit stadig skiftande fargespel. Himmelblått, inderleg leikande. Skymørkt, oppkava trugande.

Og desse naturgitte livsvilkåra har prega folkesjela opp gjennom historia. Av og til i motvind, av og til i medvind, men den høge himmelen og den vide horisonten har vore uendra og gitt stadige syn for nyskaping.

Se mer: Sted i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Ålesund / Harøy