Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Reiseguide

© Destinasjon Ålesund & Sunnmøre
22/04/2020

Ålesund & Sunnmøre Reiseguide er den offisielle, årlege reiseguiden for området, og vert gitt ut av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. Den vert brukt aktivt i alle våre marknadsføringstiltak, også på messer og workshops nasjonalt og internasjonalt. I tillegg er den nærast uunnverleg for dei tilreisande etter at dei har kome til området. Her finn dei besøkande alt dei treng å vite om opplevingar, transport, restaurantar og kafèar, shopping og overnatting.

Reiseguiden er bygd på og strukturert etter den overordna temastrategien i Fjord Norge-Regionen og er eit prosjekt i NCE Tourism - Fjord Norway. Guiden vert distribuert internasjonalt til reisebyrå, turoperatørar, arrangørar, Innovasjon Norge sine utanlandskontor og medierepresentantar frå inn- og utland. I tillegg kjem direkte utsending til publikum som ber om informasjon eller som respons på kampanjar. Reiseguiden kjem årleg på tre språk (norsk, engelsk og tysk) og har eit opplag på 150.000 eksemplar. Formatet er A5. Guiden er dessutan tilgjengeleg som e-katalog.


Bli annonsør!

Ei annonse gjer deg synleg i inn- og utland på tvers av våre geografiske marknader. Bestillingsfrist .

Bestillingsoversikt finn du på siste side.


FORMAT PRIS ANNONSERING

1/1 side, h: 195 mm x b: 138 mm kr 33 490

1/2 side, h: 95 mm x b: 138 mm kr 20 463

1/4 side, h: 95 mm x b: 66,5 mm kr 12 850

Dobbelside, h: 195 mm x b: 276 mm kr 63 695


Bestillingsskjema laster du ned her!

Bestillingsfrist 30. november, materialfrist 14. desember.

Tilbake til framsida "Bli meir synleg"



Se mer: Servering i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Ålesund / Ålesund