Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Ørskog Kirke

© Ørskog kirke
© Ørskog kirke
22/04/2020

Ørskog kyrkje, som ligger idyllisk til i Sjøholt sentrum, vert med rette kalla "Storfjordens katedral" Ho er plassert i vakre omgivnader ved fjøra. Kyrkja vart bygd i 1873, og rommar om lag 600 menneske. Her har det stått kyrkjehus sidan 1100-talet.

Truleg har det stått minst 5 kyrkjer på denne staden. Då kyrkja som står her no, skulle byggjast, vart den forrige kyrkja selt og flytta til Leikong i Herøy.

Ørskog kyrkje har inga altertavle. I staden står det ein Kristusfigur på alteret. Det er ein kopi av ein Kristusfigur laga av kunstnaren Bertel Thorvaldsen. Originalen står i Vår Frues kirke i København.

Dei store glasmåleria er måla av kunstnaren Jørgen Skaare.

Eit krusifiks som heng i korbogen er truleg frå ei av dei eldre kyrkjene. Døypefonten har eit messingfat frå 1686, gitt av presten Hegelund. Han gav også to av dei flotte lysekrunene som enno i dag berre har levande lys.

Se mer: Attraksjoner i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Ålesund / Ørskog