Destinasjoner
Årstider
Aktiviteter
Attraksjoner
Trandal.swing.jpg

Takka være dette bilete fekk den vesle bygda Trandal på Sunnmøre internasjonal merksemd. Foto: Michaela Potterbaum.

Instagrambilete:

Tre millionar endra bygd på Sunnmøre

Tekst: Lillian Langset.
Del: 

Trandal er ei veglaus bygd ved Hjørundfjorden på Sunnmøre. For å kome seg dit må ein anten gå over fjellet, ta ferja eller hurtigbåt. Dagleg er det tre ferje- og hurtigbåtavgangar. På den vesle plassen med berre åtte innbyggjarar er det verken skule eller butikk. Likevel har bygda fått internasjonal merksemd!

Det var etter eit besøk av den amerikanske fotografen Michaela Potterbaum i 2014 at internasjonale magasin og presse fekk auga opp for Trandal ved Hjørundfjorden på Sunnmøre. 

SJÅ VIDEO: 

Storinnrykk

Etter at Potterbaum publiserte eit bilete av ei jente på ei huske, med fjord og fjell i bakgrunnen, fekk Trandal stor merksemd (sjå hovudbilete i saka). Dette har og påverka besøkstalet i bygda. 


Lenita Storeide, som er arrangør av Trandalblues, fortel at under festivalen blir talet på bebuarar i Trandal berre ein brøkdel av alle festivaldeltakarane. I løpet av blueshelgen er det venta ca 1.500 besøkande på Trandalblues, som går av stabelen fredag 6. og laurdag 7. juli. 

trandal_2017_oddgeir-visnes-64-.jpg

Stor interesse: Trandal bluesfestival går av stabelen for 11. gong i 2018. Foto: Oddgeir Visnes. 

Kjent verda over

Det populære biletet av jenta på huska har fått mange til å ville oppsøke Trandal. Internasjonal presse viser ofte si interesse ved å kontakte Storeide for meir informasjon. Lenita fortel at ho har fått telefonar frå reiselivsmagasin i Australia, England og USA som gjerne vil lage reportasjar om huska. - Det var og eit australsk magasin som hadde laga ei liste over "topp ti husker i verda du må oppsøke", der huska vår var ei av dei ti.   

trandal_2017_oddgeir-visnes-30-.jpg

Internasjonalt: Til Trandalblues kjem det både nordmenn, amerikanarar og engelskmenn. Foto: Oddgeir Visnes. 

Trekkplaster

I 2017 var Blues Brothers Band det store trekkplasteret til Trandalblues. At Trandal er heilt i toppen på lista over fantastiske stader dei har opplevd, og at det er god stemning ved fjorden med fjella som sceneteppe, er berre nokre av lovorda frå det kjende bluesbandet. At plassen er liten, meinar ein av musikarane i Blues Brothers gjer det heile meir intimt, og at det blir lettare å sjå ansikta til dei som er på konsert. 

Se flere opplevelser
trandal_2017_oddgeir-visnes-59-.jpg

Skryt: Det kom berre lovord om Trandal frå amerikanske Blues Brothers Band. Foto: Oddgeir Visnes. 

Historia bak fotoet

At leiketyet Storeide hadde i barndomen skulle bli ein farsott på internett, var ikkje planlagt då huska vart hengt opp. 


- Det starta faktisk med at bestefaren min skulle ha ei huske til ungane. Han festa opp huska, og den var ikkje noko meir enn eit leikety inntil før for 1 1/2 år sidan. Då blei eg oppringt av Michaela som ba meg om å gå inn på nettet for å sjekke. Bilete var då delt meir enn tre millionar gonger på ulike plattformer. Etterkvart kom det fleire hit, som sa dei hadde sett biletet. Mange har ringt meg og spurt om det er eg som eig huska. Då svarer eg ja. Oppfølgingsspørsmålet blir då oftast korleis dei kan kome seg hit. Nokre av dei besøkande frå blant anna USA, har hatt to agendaer i Noreg. Det eine er Atlanterhavsvegen og det andre er huska vår, fortel Storeide. 

trandal_2017_oddgeir-visnes__12_.jpg

Kjent motiv: Dette motivet er godt kjent i både magasiner og på sosiale medier. Foto: Oddgeir Visnes. 

Treng meir plass

Den store merksemda har og påverka overnattingskapasiteten på Trandal. Lenita fortel at det i dag er plass til 33 overnattingsgjestar, men at det og er mogleg å telte for dei som ynskjer det. Ho fortel vidare at dei har hytter og hus til leige, men at det ikkje er så mange enda. - Det blir litt deilig av rom, samt doble og triple rom. Her er det rom for å bli gode venner, humrar ho. 

Skjermbilde-2018-06-12-kl.-13.35.09.png

Stor pågang: Det er god stemning under festivalen på Trandal. Foto: Oddgeir Visnes. 

Ein barndom med huska

For Lenita er Trandal både festivalarena og barndomens paradis. - Det aller beste med Trandal er at plassen er veglaus, og at ein har fridom til å springe berrføtt og gjere det ein vil; kjenne på fridomen, rett og slett. Dette var i alle fall heilt genialt for oss ungar. Vi kunne dra ut på sjøen og bade, og hadde få reglar så lenge vi var ute. I tillegg hadde vi jo huska. Så det var heilt topp, avsluttar Storeide.

trandal_2017_oddgeir-visnes-42-.jpg

Berømt huske: Denne huska har hengt på samen plass sidan Lenita Storeide var unge. Storeide arrangerer Trandalblues, som i år går av stabelen for 11. gong. Foto: Oddgeir Visnes.

Slik kjem du deg til Trandal

Den enklaste måten å kome seg til Trandal på er å ta ferja frå enten Sæbø, Standal eller Leknes. Reiser ein frå Ålesund tek turen ca. 1 time og inkluderer to ferjer, Solevåg - Festøy og Standal - Trandal. Ein kan og ta hurtigbåt fra Ålesund, turen går frå hurtigbåtkaia ved rutebilstasjonen og har tre daglege avgangar.

trandal_2017_oddgeir-visnes-37-.jpg

Majestetiske fjordar: Hjørundfjorden med bygdene Sæbø, Trandal, Øye, Bjørke og Standal skjer seg 35 km inn gjennom fjellmassivet i Sunnmørsalpane. Foto: Oddgeir Visnes. 

Siste etappe frå Trandal

Hjørundfjorden rundt har blitt ein populær dei seinare åra. Vandringa rundt Hjørundfjorden over fjelltoppane tar rundt seks dagar, og er best å gå med guide. Etter å ha vore på toppen av Slogen kan ein klyve ned og gå til Trandal: Plassen med rykte for god stemning og musikkfestivalar. Om ein vil overnatte i Trandal før den tøffe sisteetappen frå Trandal til Hundeidvik, er dette og mogleg. 

 > Bestill billetter til hurtigbåten fra Ålesund til Hjørundfjorden her


Se flere opplevelser
Del: