Destinasjoner
Årstider
Aktiviteter
Attraksjoner
Saksa_Mattias_Fredriksson_LO_2.jpg

(foto: Mattias Fredriksson)

Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane ventar:

Ta båten til fjells!

Tekst: Ingrid Kvande
Del: 

Den raskaste vegen til fjells startar på hurtigbåtkaia i Ålesund. Herifrå er det tre daglege avgangar inn til Øye i Hjørundfjorden. Når ein går i land der, kan ein velje mellom nokre av dei absolutt finaste og tøffaste fjellturane landet og regionen har å by på. 

Dersom ein går om bord i hurtigbåten i Ålesund kl. 08.30, kan ein la fjellskoa møte kaia på Øye vel ein time seinare. Då står ein også på startstreken til mange flotte fjellturar. Sidan båten går tre gonger dagleg, er det ikkje noko problem å rekke ein fjelltur før siste båten går heimatt. Men ein treng sjølvsagt ikkje strene attende til byen utan ei overnatting.

Saksa_Mattias_Fredriksson_LO_4.jpg

Stien til Saksa er utbetra i det siste, men utsikta treng inga forbetring. Spektakulært! (foto: Mattias Fredriksson)

Saksa - ein ny yndling

Hurtigbåten stoppar mellom anna ved Urke, og då er det høgaktuelt med ein fjelltur til Saksa (1034 moh). På denne turen har ein Norangsdalen på den eine sida og Hjørundfjorden på den andre. Dette er vakre fjordar som har vore ynda reisemål blant kongelege og anna fintfolk i hundrevis av år. Tidlegare var det hit turiststraumen gjekk. I ei tid har desse perlene kome i skuggen for mellom anna Geiranger, og ettersom turistmålet har vore gløymd ein dei år, er det difor framleis ei heilt anna oppleving å kome inn i desse fjordane. Ein har mykje meir plass for seg sjølv, og stemninga er rolegare. Her er det sanseinntrykka frå naturen som får dominere.



Saksa_Mattias_Fredriksson_LO_1.jpg

Vel ein time etter at ein går på hurtigbåten i Ålesund, kan ein vere på veg til Saksa frå Urke. Dette er ein tur der du er omkransa av kjende og majestetiske fjell. (foto: Mattias Fredriksson)

Når ein skal til Saksa treng ein ikkje gå mange metra etter ein går av hurtigbåten før ein startar å klyve til fjells. Det er om lag 1000 høgdemeter stigning på denne turen, så den er ganske krevjande, men ein kan ta pausar og nyte utsikta både ved Bentebu og ved gapahuk i Leknesdalen. Stien til Saksa har vore utbedra dei siste åra. I 2015 var det hyra inn sherpaer som la trapper i steinura under toppen, og no kan ein gå i sikksakk på fine trapper den siste etappen til den første av dei tre toppane på Saksa.   

Hiking_Hjoerundfjorden_Mattias_Fredriksson_LO.jpg

Pust i bakken! (foto: Mattias Fredriksson)

Hjørundfjordegga med Saksa

Dersom ein vil halde fram og ta ein rundtur, kan ein gå vidare bortover eggen, og gå fjellturen som blir kalla Hjørundfjordegga. Dette er ei luftig fjellrute eigna på meir fjellvante folk. Turen over Hjørundfjordegga byr på ei storslagen utsikt over dei majestetiske fjelltoppane langs Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden. Den populære runden består av Urke - Saksa (1034 moh) - Breifonnhornet (1084 moh) - Røyfonnhornet (1172 moh) - Elsandtindane (1398 moh) - Nordkopen - Urkedalen - Haukåssetra - Urke.

Se flere opplevelser

Urkeegga

Urkeegga er også eit svært fint turmål her inne. Sjølv om dette er ein dagstur og ein på det høgaste punktet er 1020 meter over Norangsfjorden, er dette likevel rekna for å vere ein fin familietur som er overkommeleg for dei fleste. Å ta ein rimeleg enkel «eggtur» inne i desse omgjevnadane blant hedersfjell som Slogen og Jakta er ei oppleving for livet. 

Urke_kaihus.jpg

Urke kaihus er ein serveringsstad og ein populær møteplass før og etter fjelltur. (foto: Urke kaihus)

Urke kaihus

Vel attende på Urke, er det fint å kjenne at ein landar i meir maritime omgjevnader på Urke kaihus. Denne sjarmerande møteplassen var brukt til lager då fjordabåten gjekk før i tida. No er dette ein liten serveringsplass på kaia, som både kan vere ein start og ei perfekt avslutning på turen. Her er det fint å sette seg ned, slakke snøringa på fjellskoa, og la både kropp og sjel finne roa. Midt i dette tureldoradoet er det naturleg nok høg goretex-faktor, og sidan trivselen er høg, må ein også hugse solfaktor dersom veret tilseier det. Sola tek godt, og timane går fort i desse omgjevnadane. 

From-Slogen-oye-Hjorundfjorden-112012-99-0023_2200.jpg

Sjølvaste Slogen. Tøff og bratt tur med herleg utsikt. Eit hurtigbåttur frå Ålesund sentrum, og du er på startstreken.

Øye og Slogen

Med hurtigbåten er Øye stoppestaden etter Urke, og her finn vi Hotel Union Øye, som er eit eventyr i seg sjølve. Øye er eit fint startpunkt for å gå på sjølvaste Slogen (1.564 moh). Denne majesteten av eit fjell er kjent som ein av dei finaste toppane i Norge, og den ragar høgt over Hjørundfjorden. Ver førebudd på at dette er ein bratt og krevjande tur. Løn for strevet er ei fantastisk utsikt over Sunnmørsalpane, og eit minne for livet.

20180607_D__S_Kickoff_Lill-Marte-Apelseth_09.jpg

Hotel Union Øye er eit reisemål i seg sjølve. Det ligg ved foten av Slogen, og er dermed fin basecamp for tur til fjells. Foto: Lill Marte Apelseth.

Besøke verdsarvområdet

Skulle det vere slik at enkelte i turfølget trivest best når det ikkje blir for høgt over havet, er det også mykje anna å finne på inne i desse vakre fjordane. På Hotel Union Øye kan ein gjere som folk har gjort sidan opninga i 1891: ta livet med ro og samle krefter. Men ein kan også halde fram med turen.

Om sommaren går det dagleg buss frå Øye til Hellesylt og vidare inn på ferja til verdsarvbygda Geiranger. (The "Royal Fjord Route"). Alle avgangar med hurtigbåten frå Ålesund korresponderer med bussen til og frå Hellesylt. 

Ta_baaten_til_fjells__Lill-Marte_Apelseth_.jpg

Hurtigbåten frå Ålesund til Øye korresponderer med buss til Geiranger og attende til Ålesund. (foto: Lill-Marte Apelseth).

Geirangerfjorden med omland kom på UNESCO si verdsarvliste i 2005. Fossane Friaren og Dei Sju Systre, Ørnevegen og fjellgardane som klamrar seg fast i fjellsidene er berre nokre av attraksjonane i verdsarvområdet. Dersom ein vil, kan ein vere med bussen vidare til Eidsdal og ende opp i Ålesund igjen på kvelden.

Del: