Destinasjoner
Årstider
Aktiviteter
Attraksjoner
StrandaHotel_jan17-6290_redigert.jpg

Eit nyoppussa Stranda Hotel står klart for å ta imot gjestar fra fjern og nær. Foto: Rawreklame

Tilbodet utvidast:

Stranda Hotel går nye vegar

Tekst: Maja Håbet
Del: 

Med forlokkande puddersnø og velpreparerte løyper, går det ikkje berre i nedoverbakkar på Stranda. For Stranda Hotel peikar alle pilene oppover. Hotellet legg ein god sesong bak seg og har rekord i antall bookingar for 2017. No utvidast tilbodet.

- Vi opplever stadig fleire forespørslar frå grupper som kjem reisande frå Oslo og andre stadar i landet, der dei ynskjer å legge konferansar til oss. Dette er kvalitetsbevisste kundar som ynskjer gode matopplevingar og gode fasilitetar i kombinasjon med våre attraktive utandørstilbod, fortel hotelldirektør ved Stranda Hotel, Eivind Nordeide. Stranda Hotel aukar difor satsinga innen konferanse- og opplevingssegmentet.  


- For å imøtekomme forespørslane og forventningane har vi lagt lista høgt, og har blant anna valgt Ekornes Contract som leverandør på dei nye hotellromma våre. Då veit vi at kundane får god kvalitet og kan hente energi på romma etter ein aktiv dag med møter og naturopplevingar, fortel direktøren.

Haavard_Myklebust_Couple_Fjord_Strandafjellet.jpg

På Strandafjellet kan du nyta den spektakulære utsikta over Stranda og Storfjorden. Foto: Håvard Myklebust

Strandafjellet - ein viktig del av pakken

Hotelldirektør Nordeide fortel at det nære samarbeidet med Strandafjellet og Uteguiden er ein viktig faktor til den auka etterspurnaden. - Kundane har vorte bevisste på kvaliteten til den vakre sunnmørske naturen, både nasjonalt og internasjonalt, og gjennom dette har Strandafjellet posisjonert seg som eit eldorado for laussnøkøyring, fortel han. Dette vert godt merkt på etterspurnaden og bidreg til at hotellet får fleire henvendelser fra kvalitetsbevisste kundar, som ynskjer det lille ekstra.

Med Stranda som utgangspunkt ligg alt til rette for gode opplevingar. Stranda har rike tradisjonar innan matproduksjon,og dette ynskjer Stranda Hotel å fremheve ved å servere mat laga av råvarer frå lokale produsentar. - Gjestane våre skal få oppleve ein smak av Møre og Romsdal, med ein internasjonal vri, fortel direktøren. 

- Eit døme på dette er det samarbeidet vi har med Grilstad, som har startet opp det spennande konseptet "Skinkerådhuset", med kjøkken der vi kan arrangere kokkekampar. Vi har òg lounge og tilgang til konferanserom som er designa og levert av Slettvoll. Her er det møtefasilitetar for opptil 30 personar i styreromskvalitet, sier Nordeide.


Stranda Hotel har også eigen lobbybar, der det vert lagt vekt på eit stort utval av håndtverksøl frå lokale bryggeri. Her vert det ofte arrangert øl- og akevittsmaking.

SimenBerg-Stranda-4560-kopi.jpg

Strandafjellet ligg midt i hjertet av Sunnmørsalpane, og byr på skikøyring i verdsklasse. Foto: Simen Berg

Fjell, fjordar og fossefall

Stranda Hotel er eit distriktshotell blant spektakulære fjell, fjordar og fossefall på Sunnmøre. Stranda er eit populært reisemål for vandring og toppturar heile året, og er dessutan ein prisvinnande destinasjon for off-pistkøyring. Stranda Hotel tilbyr guida toppturar, fjellvandring og vinteraktivitetar for heile familien. Med symjehall, kurs, konferanserom, restaurant, bar og sommarpark har vi mange ulike tilbod gjennom heile året, påpekar direktør Nordeide. 

Sommarparken er den store hotellhagen, og ligg idyllisk til ved lakseelva Storelva. Restauranten på hotellet rommar opp til 225 personar. Om du vil oppleva Strandafjellet skisenter, er det berre ein ti minutts køyretur med bil. Dessutan ligg den spektakulære UNESCO-lista Geirangerfjorden berre 43 km frå Stranda Hotel. På sommeren er òg Fjord Gondolen og Fjord Panorama Restaurant open for grupper som vil nyte opplevingar med fjordutsikt. 


"Stranda er ein attraksjon i seg sjølv. Unik natur med snødekte fjelltoppar, skummande fossar og elver, grøderike dalar og krystallblå fjordar. Få andre plassar kan du, sommar som vinter, frå ein fjelltopp nyta synet av den djupe fjorden langt der nede." Stranda kommune

Del: