Destinasjoner
Årstider
Aktiviteter
Attraksjoner

Skikøyring for store og små, med utsikt i verdsklasse på Strandafjellet.

Skiparadiset Strandafjellet

- Vestlandets beste!

Tekst: Ingrid Kvande
Del: 

«Gud er frå Stranda», sa austlendingen då han kom til Stranda, og såg all snøen. Strandafjellet skisenter er kåra til både Norges pudderparadis, årets skistad og folkets favoritt. Familiefar og friluftlivsentusiast Oscar Almgren meiner senteret er blant dei beste i Skandinavia.

I VG er Stranda blitt kåra til Norges pudderparadis og best i landet for køyring i laussnø. I skimagasinet «Friflyt» blei Strandafjellet skisenter både kåra til årets skistad og til folkets favoritt. Dagens Næringsliv kåra nyleg Strandafjellet skisenter til det beste skianlegget på vestlandet, og det åttande beste i landet. Strandafjellet lev opp til disse utmerkingane, og vel så det.

Stranda er ein perfekt kombinasjon av fjord og fjell. Ved å ta gondolheisen opp, kan ein faktisk nyte utsikta utan ski på beina.

Gondolheis til 1062 moh

Stranda har sia opninga i 1957 vore ein populær utfartsstad for å køyre på ski i Møre og Romsdal, og merksemda omkring Strandafjellet vakna verkeleg etter at den 2.100 meter lange Roaldheisa opna for fem år sidan. Gondolen fører folk til toppstasjonen på 1.062 moh på sju minutt, og passasjerane er både dei som vil køyre i preparerte løyper, få ein «flying start» til ein topptur vidare innover i fjellet, vil ete i restaurant Fjord Panorama eller berre vil nyte utsikta. Og utsikta er verkelig spektakulær. Frå endestasjonen kan ein i fugleperspektiv nyte ei 360 graders utsikt over Storfjorden, UNESCOs verdsarvområde og fjordbygda Stranda.

For både familiar og skientusiastar

Sju skiheisar i ulike lengder, ein gondol, 18 nedfartar, tre restaurantar, barnepark og terrengpark er berre noko av det Strandafjellet har å by på for alt frå barnefamiliar til den såkalla skibomsen. Med snøproduksjonsanlegg og flomlys i delar av anlegget, ligg alt til rette for både tidleg sesongstart og kveldskøyring i anlegget.


I desse omgjevnadene er det Oscar Almgren jobbar som guide og instruktør for toppturar og frikjøring. Etter at han utdanna seg til villmarksguide i den populære skibyen Åre i heimlandet Sverige, er det Stranda som har vore bustaden dei siste sju åra - litt til og frå. 

oscar.jpg

Oscar Almgren vart lokka til snøsikre Stranda for sju år sidan, og driv i dag eige guideselskap i bygda.

Snøsikkert lokka

- Dette er mitt paradis. Det var arbeid som førte meg til Stranda. Vel, eigentleg er det at Stranda er svært snøsikkert som gjorde det aktuelt for meg. Men eg fekk i alle fall tilbod om jobb i skipatruljen i Strandafjellet. Eg hadde eit eige firma i Sverige då eg flytta, og målsettinga på sikt var å kunne starte opp eit firma her også, seier Almgren. Det gjekk fint, og i dag driv 31-åringen selskapet Uteguiden på Stranda.


Beste offpistanlegg i Skandinavia bak huset

Den friluftselskande svensken meiner det er mykje som er bra med Stranda. Dels er det at det er så korte avstandar mellom alt. Alt er så konsentrert, som det er på mange små plassar. Å ha eit av dei beste anlegga for offpist i Skandinavia rett bak huset der vi bur, er rein luksus. Også om ein ser bort frå skitrekket er det mykje bra. Her er det så mange moglegheiter til å vere aktiv ute, og ein kan jo gå «hur många toppturar som helst», meiner Almgren. I Stranda bur han saman med kona, som kjem frå Førde, og dottera på 2,5 år. Sistnemnde fekk ski i fjor. Ho var ikkje så mykje på ski då, men pappaen trur det blir meir i år. 

Barneområdet rundt heisen er tilrettelagt for barnefamiliar, og har mange aktivitetar for små skikjørarar. 

Vil ikkje ungar køyre offpist?

Almgren meiner at ein liten unge i huset ikkje treng legge ein dempar på skigleda for dei vaksne. Slik han ser det, er det stilige med Strandafjellet nettopp kombinasjonen av tilbod for typiske skientusiastar, og for dei som kjem med ungar. - For det første vil eg hevde at det ikkje er noko som tyder på at kidsa ikkje liker å køyre off-pist. Men her i Stranda er det fine og trivelege barneområde rundt heisen, og der blir det også servert bra mat. Ettersom det er så mykje lett tilgjengeleg off-pist, er det enkelt å vere mykje saman med borna samtidig som ein tek seg av dei. Dersom ein har lyst til å sleppe seg laus, kan dei som vil køyre off-pist i 30 minutt, medan dei andre gjer noko anna. Då blir alle glade, rådar Almgren.

Fakta om Strandafjellet Skisenter

  • - Gondolheis til 1062 moh
  • - Tre restaurantar - på toppen av Roaldheisa (1042 moh.) og på toppen av Fursetheisa (708 moh.). 
  • - Kafe Stova - i botn av bakken finner du Stova. Der kan ein ete medbrakt niste. 
  • - Gratis køyring for dei minste i Labb og Line barnepark. (150 meter langt koppetrekk).  
  • - Gratis sesongkort til alle 4. klassingar (ta med gyldig id.).  
  • - Terrengpark med store og mindre hopp, spennande rails og andre element. 
  • - Ope kvar dag og tre kveldar i veka.
    - Delar av filmen Supervention er spela inn her.

Del: