Destinasjoner
Årstider
Aktiviteter
Attraksjoner
iStock-497710040_behandlet.jpg

Kystperla Ålesund byr på natur, kultur og eit hav av unike opplevingar. Foto: iStock.

Sju sjarmerande opplevingar i ein av

Europas vakraste byar

Tekst: Maja Håbet
Del: 

I hamnebyen Ålesund går natur og kultur hand i hand. I eit vrimmel av fjordar, øyer og fjell ventar ei rekkje attraksjonar på å begeistre deg. Her er sju av dei mange spektakulære opplevingane du bør få med deg i Norges vakraste by. 

I jakta på Europas beste hamnebyar blei National Geograpic sjarmert i senk av ville og vakre omgjevnadar, fjord og fjell, Brosundet, Jugendstil og klippfisk. Ålesund blei dermed kåra til ein av dei seks finaste og vakraste hamnebyane i heile Europa. Ålesund er og kåra til Noregs vakraste by av Dagbladets lesarar og den britiske avisa The Times. 


I Ålesund bognar det av opplevingar, attraksjonar og aktivitetar for både store og små. Her er noko av det Jugendstilbyen har å by på. SJÅ VIDEO:

Padle i Brosundet

I Noregs svar på Venezia, Jugendstilbyen Ålesund, kan du mellom anna leige kajakk og padle midt i sentrum. Brosundet ligg midt i hjartet av byen og er utgangspunkt for ei rekke aktivitetar og turar. Her kan ein leige egne kajakkar med muligheit for guida turar. Langs sundet ligg det og fleire uteserveringar og restaurantar.

kajakk_Hammeroe-kopi.jpg

Har du lyst til å prøve ein annleis bytur? I Ålesund kan du oppleve sentrum med kajakk. Foto: Fred Jonny Hammerø. 

Vandring langs kaia

For turistar som vil oppleve Ålesund bysentrum, med sine tårn, spir og fargerike utsmykkingar er ein rusletur i sentrum å anbefale. Ynskjer ein å lære endå meir om byen er Jugendstilsenteret eit godt tips. Det arrangerast guida byvandringar i Ålesund sentrum kvar dag i sommarhalvåret, men ein kan og oppleve byen på eigenhand. 


Ruslar ein på eiga hand, bør ein peile seg inn på Molovegen og hamnemoloen frå 1855, i et område som innbyggjarane sjølv kallar "Molja". I sjarmerande og pittoreske omgjevnadar får ein kontakt med det verkeleg gamle Ålesund. Her ligg blant anna Fiskerimuseet og Trankokeriet, samt ein kul kaffebar med flott utsikt, historie i veggane og 500 kvm med antikvitetar og brukt.

iStock-493719624_behandlet.jpg

Ålesund er i dag den byen i Noreg som har den mest konsentrerte busetnadet av hus i Jugendstil. Foto: iStock.

Gå trappene opp til Byrampen

Uansett kvar du oppheld deg i Ålesund sentrum vil du kunne sjå byens mest besøkte turiststad, Fjellstua og byfjellet Aksla. Frå byparken kan du gå totalt 418 trappetrinn opp til det flotte området. Det mykje omtalta utsiktspunktet «Byrampen» ligg midt i leia for dei populære trappetrinna, og stikk rett ut i lufta som et stupebrett. Her får du magesug og ei luftig oppleving. Trappene er nylig fornya og har fått LED-belysning, slik at ein og kan nyte turen på mørke kveldar.

Se flere opplevelser
iStock-512047900_behandlet.jpg

Bytrappa i lys betong slyngjer seg opp langs fjellet Aksla, og på toppen ventar ei fantastisk utsikt. Foto: iStock. 

Nyt utsikta på toppen

På toppen av Aksla, Ålesunds tak, tronar Fjellstua. Her er det kongeleg utsikt over alt det Sunnmøre har å by på - fjordane, fjella, øyene, storhavet og ikkje minst byen. Fjellstua på toppen av trappene er Ålesunds eldste serveringsstad. Hit søkjer menneske frå alle kantar av verda for å nyte mat, drikke og den fabelaktige utsikta. Byfjellet Aksla har og eit flott turområde som ein kan nytte seg av.

iStock-674159502_behandlet.jpg

Ålesund er kåra til ein av dei vakraste byane i Europa, og byr på eit vrimmel av attraksjonar og opplevingar. Foto: iStock.

Smak Europas beste klippfisk

Utsikta er og i ypparste klasse hos XL Diner på Skateflukaia, men her er det derimot den utsøkte klippfisken som trekkjer besøkande frå heile landet. Hos XL Diner serveras heile 20 tonn klippfisk årleg, og svært mange meiner at det er den beste klippfisken ein kan få. Kjøkkenet på restauranten er ein attraktivt stad for dei ypparste matlagarane i verda. Hit kjem Michelin-kokkar for å lære og hente kunnskap om klippfisk. 


XL Diner er, og skal være, ein klippfiskrestaurant, men byr og på inspirerande rettar som ikkje strammar frå havet. Menyen er inspirert av både Sør-Amerika og Sør-Europa, men held og ein knapp på klassiske og kjære bacalaorettar frå nord-vest i Noreg. Elles er det og mange andre gode restaurantar i Ålesund som har spesialisert seg på sjømat - som Maki, Sjøbua og Zuuma.

XL-diner.jpg

Xl Diner er kjend som Europas største bacalaorestaurant, med hovedvekt i klippfiskperfeksjon. Foto: Oddgeir Visnes. 

Besøk ein av Skandinavias med prisbelønte akvarium

Med utsikt rett mot havet, rike fiskefelt og dei djupe norske fjordar kan ein observere, oppleve og lære om livet i havet. Atlanterhavsparken ligg heilt nede ved fjøresteinane utanfor Ålesund sentrum. Parken er eit av Nord Europas største og mest unike, og er kåra til Nordens beste akvarium to gonger. 


I parken kan du blant anna oppleve live dykkarshow, krabbefiske, sel, oter, pingvin og mating av fisk og andre dyr. Selparbassenget i Atlanterhavsparken er Europas desidert største. Ei naturlig vik i landskapet er omforma til eit enormt basseng ved hjelp av stein og leire. Selbassenget er på heile 6000 kvadratmeter og er fylt med 15 millionar liter friskt sjøvatn. Akvariet har og eit fantastisk uteområde med vannleikepark og eige aktivitetsrom, samt eit eige område for oter, Oterøya. 

atlanterhavsparken-0817-1325-foto-h-walderhaug-web.jpg

Atlanterhavsparken i Ålesund - Det Norske Akvariet - er eit av Europas mest unike akvarium. Foto: H. Walderhaug. 

Sjå Sunnmøre frå sjøsida

Frå Brosundet kan du stige ombord i ein båt og reise på fisketur, eller være med på lunsjcruise til ærverdige Hotel Union Øye. Alternativt kan du hoppe opp i en imponerande havraftingbåt og oppleve Ålesund og Sunnmøre frå sjøsida. Frå raftingbåten kan du besøke selkoloniar, sjå vakre Alnes Fyr, samt oppleve lundefugl og havørn på fuglefjellet Runde. Den spektakulære naturen i området rundt Ålesund kombinerast med gode historier fortalt av lokale kapteinar. I open båt blir du tatt med tett på naturen, i eit fartsfylt eventyr som passar for heile familien.

Sjosafari_til_Runde-kopi.jpg

Bli med på spanande havsafari og sightseeingturar utanfor vakre Ålesund. Foto: Fred Jonny Hammerø. 

Se flere opplevelser
Del: