Destinasjoner
Årstider
Aktiviteter
Attraksjoner
Jakta-Hj__rundfjorden-Photo-Ha__vard-Myklebust-LO_2.jpg

Jakta (1588 moh) byr på spektakulær utsikt over Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane. Foto: Håvard Myklebust. 

The Royal Fjord Route:

Kongelege favorittar

Tekst: Ingrid Kvande
Del: 

Heilt sidan 1800-talet har dei intime og litt bortgøymde fjell- og fjordbygdene på Sunnmøre vore leikegrind for
kongelege, keisarar, kulturelite og anna fintfolk.

Ikkje berre er sunnmørshovudstaden og jugendstilbyen Ålesund kåra til Norges vakraste by av den britiske avisa The Times og til ein av de seks finaste og vakraste hamnebyane i Europa av National Geographic. Ålesund er også eit utmerkt utgangspunkt for å oppleve det finaste av norsk fjordlandskap - reisemål som er valt av kongelege - gong på gong. 


Ved å reise i fotspora til ymse celebritetar med The Royal Fjord Route - kan ein i løpet av ein dag oppleve fantastiske fjordar, dalar og eit verdsarvområde. Turen startar i Ålesund og tar deg inn i fjordlandskapet. Deretter vil du besøke to av dei mest populære fjordane i Norge, nemleg Hjørundfjorden og Geirangerfjorden, som står på UNESCO si verdsarvliste. I løpet av turen kan du og nyte den fantastiske utsikta til fjell, fossar og sjarmerande landskap. Husk å ha kameraet klart. > BESTILL BILLETTAR HER.

Majestetiske fjordar

Frå hurtigbåtkaia ved bussterminalen i Ålesund går turen til Hjørundfjorden. I 1993, då Kong Harald og Dronning Sonja feira sølvbryllaup og reiste landet rundt på sitt Silver Cruise, låg både det danske og det norske kongeskipet i Hjørundfjorden. Kan hende valde dei Hjørundfjorden fordi dei ville reise i fotspora til Kong Haakon og Dronning Maud, kanskje var det fordi dronning Sonja har eit spesielt forhold til området. Ho har vandra mykje i Sunnmørsalpane. Kongeleg besøk blei det i alle fall til gangs.

20180607_D__S_Kickoff_Lill-Marte-Apelseth_05.jpg

Hjørundfjorden med bygdene Sæbø, Trandal, Øye, Bjørke og Standal skjer seg 35 km inn gjennom fjellmassivet i Sunnmørsalpane. Foto: Lill Marte Apelseth.

Imponerande gjestebok

Ved enden av Norangsfjorden, ei arm til Hjørundfjorden, ligg Hotel Union Øye og her har det vore mykje fint besøk opp gjennom tidene. Keisar Wilhelm II, Kong Oscar II, Dronning Maud og Kong Haakon, samt forfattarane Karen Blixen, Knut Hamsun, Sir Arthur Conan Doyle og komponisten Edvard Grieg, er blant dei som har skreve seg inn i gjesteboka. 

På Hotel Union Øye senka desse langvegsfararane skuldrane og beundra utsikta medan dei nippa til sin high afternoon tea eller kva dei likte å nyte om ettermiddagen. På dagtid fekk dei også utløp for sine lyster anten det var fjellklatring eller anna. Arbeidslyst fekk de kanskje også. Ein spekulerer i alle fall i at Karen Blixen skreiv «Babettes gjestebud» nettopp her.

Se flere opplevelser
20180607_D__S_Kickoff_Lill-Marte-Apelseth_09.jpg

Hotel Union Øye: Dei 27 romma på Hotel Union Øye er individuelt dekorert og møblert med utvalde antikvitetar. Romma er også oppkalla etter dei kjente personane som har budd på hotellet gjennom tidene. Foto: Lill Marte Apelseth.

Hotell frå 1891

Heilt sidan opninga i 1891 har Hotel Union Øye vore ein stad der gjestar kjem for å nyte stillheita, roa og det gode liv i storslagne omgivnader. Slik er det også i dag. - Vår typiske hotellgjest er norske enkeltreisande som vil oppleve hotellet, Sunnmøre og naturen. Hotellet er i seg sjølv ei reise attende i tid, og folk er eigentleg ganske himmelfalne når dei kjem hit. Dei opplever dette som svært unikt, fortel hotelldirektør ved Hotel Union Øye, Mariann Øye-Mork.

20180607_D__S_KickOff_Fotograf_Andreas-Solbakken_018.jpg

Mariann Øye-Mork er direktør ved det ærverdige Hotell Union Øye. Foto: Lill Marte Apelseth.

Hjørundfjordegga

Området er også eit eldorado om ein vil nyte utsikta frå fjellet. Er du i god fjellform og komfortabel med luftig klyving, er ein tur over Hjørundfjordegga å anbefale. Turen over egga byr på ei storslagen utsikt over dei majestetiske fjelltoppane langs Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden. Den populære runden består av Urke - Saksa (1034 moh) - Breifonnhornet (1084 moh) - Røyfonnhornet (1172 moh) - Elsandtindane (1398 moh) - Nordkopen - Urkedalen - Haukåssetra - Urke.

Slogen_mot_Leknes_redigert.jpg

Flott utsikt frå Slogen mot Leknes og Norangsfjorden. Foto: Håvard Myklebust.

Slogen

Slogen (1.564 moh) er også verd eit besøk, og blir ofte nemnd når det er snakk om dei finaste toppane i Norge. Det kjente turmålet er ein av majestetane som ragar høgt over Hjørundfjorden. Øye er eit populært startpunkt for å gå på Slogen, og frå toppen er det fantastisk utsikt over Sunnmørsalpane. 


Den britiske fjellklatraren William Cecil Slingsby har betydd mykje for populariteten til fjellklatring og fjellsport her i landet, og han blir ofte kalla norsk tindesport sin far. I 1884 var han på toppen av Slogen, og han har omtala utsikta som ei av de stoltaste i Europa. "You will never see another such view". Slingsby har ein del førstebestigingar i den norske fjellheimen, men på Slogen var han nummer to. Det var Jon Klokk frå bygda Urke, og den 13-årige broren som var første turfølge til toppen, og det skjedde 14 år før den meir berømte Slingsby kunne strekke armane til vers frå toppunktet.

trandal_2017_oddgeir-visnes-55-.jpg

I løpet av blueshelga i Trandal er det venta ca 1.500 besøkande til bygda, som kun har åtte innbyggarar. Foto: Oddgeir Visnes. 

Åtte innbyggarar og tre festivalar

Urke, heimstaden til Slogenbestigar Klokk, er ein av dei mange små bygdene som ligg langs Hjørundfjorden. Trandal er ei anna, og til denne vesle bygda går det ikkje bilveg - her skjer all kommunikasjon via sjøvegen. Det hindrar ikkje dei åtte innbyggarane i å skape aktivitetar. Trandal er nemleg vertskap for heile tre festivalar. 9. juni blei det arrangert Trandalrock, 6. -7. juli er det Trandal Bluesfestival og 9. - 12. august inviterer bygda til Trandal Countryfestival.

norangsdalen_2017_oddgeir-visnes-16-.jpg

I Norangsdalen er det berre eit par hundre meter mellom fjellsidene på det smalaste. Foto: Oddgeir Visnes.

Norangsdalen

Mellom Hjørundfjorden og Geirangerfjorden ligg den fantastiske og trolske Norangsdalen. Turen "The Royal Fjord Route" held no fram med buss frå Øye gjennom den fascinerande dalen, der det blir eit kort fotostopp ved Lyngstøylvatnet. Vatnet blei danna etter eit ras frå Keipen i 1908. I vatnet kan ein framleis sjå restar etter den gamle vegen, setermurane og grinda. Ettersom det berre er eit par hundre meter mellom dei høge dalsidene på det smalaste, er det ei spesiell oppleving å køyre her.

norangsdalen_2017_oddgeir-visnes-2-.jpg

Trolsk stemning i Norangsdalen. Akkurat som i eventyra. Foto: Oddgeir Visnes.

Fantastisk utsikt

Frå Norangsdalen held bussen fram til Hellesylt og blir så med ferga til Geiranger. Bratte fjell, avsides fjellgardar og flotte fossar er noko av det ein kan sjå på denne båtreisa. I Geiranger har ein litt tid på eigahand før bussen køyrer vidare via den spektakulære Ørnevegen, med sine mange hårnålssvingar og ei fantastisk utsikt over Geiranger. Til slutt går turen via Eidsdal til Sjøholt, og attende til Ålesund. 

fergecruise-geiranger-hellesylt_2016

Kortreist cruise: Ferjeturen frå Hellesylt gjennom verdas mest berømte fjord inn til Geiranger tek litt over ein time. Her er det guiding på fleire språk, og mannskapet sper gjerne på med gode historier frå området undervegs. Foto: Oddgeir Visnes. 

Verdsarven

Geirangerfjorden er eitt av dei mest populære reisemåla i Norge, og i 2005 kom favoritten inn på UNESCO si verdsarvliste. Her ligg opplevingane i kø; som Flydalsjuvet, fossefalla Dei sju systre, Brudesløret og Friaren, og dei fråflytta fjellgardane Knivsflå og Skageflå, som klamrar seg fast i dalsidene. Geiranger er som en magnet på turistar, noko rundt 200 årlege cruiseskip-anløp er eit handfast bevis på.

sunnmore-royalroute-foto_oddgeir_visnes--3-.jpg

Kongeleg utsikt: I Ålesund bør du sette av tid til å ta deg ein tur opp dei 418 trappetrinna til Aksla. Her frå utkikkspunktet Byrampen. Foto: Oddgeir Visnes. 

Start fra Jugendstilbyen

Bussen frå Geiranger er til slutt attende i Ålesund, som er ein av dei best bevarte Jugendstilbyane. Om ein vil bli kjent med stilarten er det berre å vende snuten mot himmelen og sjå opp på bygningane. Meir info om jugendstilen får ein på Jugendstilsenteret, som også byr på freistingar for ganen. I kafeen på senteret blir det nemleg servert ei sjokoladekake, som er omtalt i Lonely Planet som «The cake God created». Ålesund er maritimt så det held. Her kan ein faktisk leige kajakk i sentrumsgatene og legge ut på sightseeing med kajakk. 


Den mest populære fotostaden i Ålesund er nok byfjellet Aksla, som ligg 418 nyrestaurerte trappetrinn - eller ein kort biltur - frå bygatene. Her oppe får ein full oversikt over både skjærgarden, byen og Sunnmørsalpane.

Se flere opplevelser
Del: