Destinasjoner
Årstider
Aktiviteter
Attraksjoner
Junior-og-selpappa-Einar-foto-Atlanterhavsparken.jpg

I Europas største utandørsbasseng for sel sørger dei for rekrutteringa sjøl. Der er det nemleg ein aldri så liten babyboom på gang.

20-års jubileum og

babyboom i selbukta

Tekst: Lillian Langset
Del: 

I løpet av den siste månaden har det vorte fødd fire små selungar i Atlanterhavsparken i Ålesund. Samstundes feirer òg parken 20-års jubileum med ny attraksjonar og aktivitetar. 

Selane som flytta inn i selbukta hausten 2014 kom frå akvarier rundt om i Europa og Lofotakavariet, for å sikre at ein her skulle kunne få ein framtidig selkoloni der innavl ikkje vart eit problem med det første. Når steinkobben Knut frå Lofoten vart kjønnsmoden vart det raskt større aktivitet i selbukta i parken. 


- Seldamene fall pladask for storsjarmøren, og det er det næraste ein kjem ein innertiar når fire av fem damer føder på løpande band. Dette tyder på god trivsel og gode forhold, seier dagleg leiar Tor Erik Standal.

SJÅ VIDEO:

Tøff start

- Den aller første selungen i parken, Junoir, fekk ein litt tøff start på livet, då mora støtte den frå seg. Dette kan òg skjer ute i naturen, der selungane blir forlatt utan at ein heilt veit kvifor. Desse ungane vert kalla ein «hylar» då dei ofte ligg og skrik etter mora. Heldigvis for vår selunge så har vi dyktige akvaristar som har sørga for godt stell. Junior er i fin form og allereie ein publikumsyndling. «Selpappa» Einar sørger for både faste måltider og god døgnrytme.

Skjermbilde-2018-06-25-kl.-11.53.56.png

Vesle Junior blei den førstefødde selen i Atlanterhavsparken i Ålesund. Han kom til verda 5. juni i år. Foto: Einar Wiik

Ekspertar på sel

Sjølv om det er stor stas med selungar, er det ekstra krevjande når mora fråstøyter seg selungen. - Heilt sidan selungen Junior vart fødd, har han måtte klara seg utan mora, men vi som jobbar her passar godt på han. Fordi han ikkje får antistoff frå morsmjølka, må vi vere forsiktige med han. Smittefaren er noko tenkar på heile tida. Men mat får han, og han er glad i merksemd og er ein nysgjerrig liten krabat. Dette gjev oss høvet til å lære endå meir om selane. Målet vårt er jo å verta ekspertar på sel, fortel Standal.

Atlanterhavsparken-2018.jpg

Størst i klassen: Atlanterhavsparken i Ålesund har Europas største utendørsbasseng for sel.

Nordens beste

Atlanterhavsparken er kåra til Nordens beste akvarium to gonger. Prisane vann dei i 2013 og 2015. - Det er stort for oss å nominerast som det beste akvariet til Norden. I 2018 vart vi nummer to, tett bak Kattegatsenteret i Danmark. Men, vi var det einaste norske akvariet som var nominert og vi lever godt som ein god nummer to i dette selskapet. Konkurransen er ei svensk spørjeundersøking på nett, der publikum røystar fram favoritten sin. Denne konkurransen vert halden årleg og betyr mykje for oss, og ikkje minst for reiselivet i Møre og Romsdal, seier Standal.

Se flere opplevelser
familie-Atlanterhavsparken.JPG

Solskin: Når sola skin trekkjer publikum ut til Atlanterhavsparken for å sjå både selbukta, pingvinane og oterane i parken. 

Feirar 20 suksessrike år

Den 15. juni 2018 fylte akvariet i Ålesund 20 år. - Det har vore eit eventyr. Vi feira denne dagen saman med alle dyra og besøkande som ville å feire med oss, fortel Standal. - Bursdagsgava til både oss sjølv og alle gjestane var å endeleg åpne vår første nasjonale utstilling, «Norges Krepsdyr». Som det Norske Akvariet har vi no reindyrka oss på å kun vise «vår eigen fisk» og i det ligg det og at vi skal ta ei større formidlarrolle enn berre å vise fisken. Første art ut er krepsdyra, det som vi kallar for havets innsekt, og vi er så nøgd med korleis utstillinga har blitt. 

Skjermbilde-2018-06-25-kl.-14.39.50.png

Jubileum: Atlanterhavsparken feirer 20 år i 2018 og ser allereie fram mot dei neste 20 åra. Foto: H. Walderhaug.

Har investert for 25 millionar kroner

Dei fem siste åra har akvariet investert 25 millionar kroner på renovering og utbygging. Endå er dei ikkje ferdig utbygd. - Vi har mange planar for framtida. Den dagen vi er ferdig utbygd så er vi ferdig som akvarium, humrar Standal med eit glimt i auge.

Sylle-og-baby-nr.-2.-Foto-Einar-Wiik.jpg

I Atlanterhavsparken er det babyboom i selbukta. Her er unge nummer to i lag med mora Sylle. Foto Einar Wiik.

Tett på naturen

Selbukta, som er Europas største selanlegg, gir selane i parken heile seks tusen kvadratmeter å boltre seg i. Det gjer og, at dei med unntak av faste daglege måltider, lev i så ekte omgjevnadar som mogleg. Noko som òg gir dei besøkande ei mest mogleg ekte oppleving av parken. - Vil selane sjå oss så kjem dei, og hvis ikkje så må vi vente. Akkurat slik er det i den ekte naturen. Kvar dag klokken 15.00 er det mating av selane. Vil du lære meir om selane og korleis dei leve er det berre å ta turen, avsluttar Standal. 

Del: