Destinasjoner
Årstider
Aktiviteter
Attraksjoner
1280x640_croped-1-.jpg

Frå jugendstilby til kystperler:

Øyhopping i havet

Tekst: Ingrid Kvande
Del: 

La hurtigbåten frå jugendstilbyen Ålesund ta deg med ut til vakre og spesielle Ona, og fine søsterøyer som duppar i havet rett ut for dei fagre vestlandsfjordane.

Frå hamna i Ålesund går Hurtigbåten ut mot havet til Myklebust på Harøya. Turen tek ca. ein time, og herifrå køyrer buss vidare til Finnøya, der ein tek ferja til Ona. Ferjene går fleire gonger dagleg, så om ein ikkje vil ta den første og beste, kan ein godt bruke litt tid på den vakre Finnøya. 


Finnøy Havstuer

Her er Finnøy Havstuer ein flott stad for eit betre måltid og for overnatting. Sjølv om bygget er restaurert og moderne, er kystkulturen smurt godt inn i veggane, for havstua ligg i det som tidlegare var handelsstad og fiskemottak på Finnøy. 

Finnoey1-_300DPI.jpg

Det er verdt å bruke litt tid på Finnøy, og her er det gode fasilitetar for overnatting og matservering.

Finnøy Havstuer har eit godt restauranttilbod, noko som både hyttefolk og folk på gjennomreise med glede nyttar seg av. På Finnøya driv eit lokalt selskap med kvalfangst, og det er difor ikkje uvanleg at kvalkjøt står på menyen på havstua, anten som ein liten apetittvekkjar som forrett eller som hovudrett.


Drivarane kan også freiste med ein rikhaldig akevittbar. Med autorisasjon som «Norsk Akevittskjenkested» av Norske Akevitters Venner, er dei med i eksklusivt selskap, og her kan ein få smaksprøvar og akkompagnert med gode historier.

Hurtigbaat_fraa_AAlesund.jpg

Hurtigbåtturen ut til øyane i havet er frisk og fin. Det kan vere vindfullt på dekk, men når sola står på varmar ho godt. 

(Foto: Sponland Foto, Martin Giskeødegård/Destinasjon Ålesund & Sunnmøre)

Motormuseum

På Finnøya budde det faktisk ikkje folk før i 1864. Då kom ekteparet Oline og Nils Olsen flyttande frå naboøya Sandøya og busette seg her. Dei fekk ein son som dei kalla Nils Nilsen Finnøy, og etter kvart som han vaks til, byrja han å arbeide som smed, og leverte utstyr til fiskarane. Nils Nilsen Finnøy var ein hendt kar, og i 1902 hadde han laga sin første båtmotor! Han starta etter kvart opp motorfabrikk på øya, og Finnøy Motorfabrikk la grunnlaget for en stor del av den mekaniske industrien i Møre og Romsdal. På Finnøy motormuseum ved hamna, er det mogleg å sjå ein av motorane som vart produsert ved fabrikken.  

Se flere opplevelser

Flatflesa fyr

Finnøya er berre ein ferjetur frå Ona fyr, men når ein først er her, kan ein også få med seg fleire fyr. Ein 15 minutt lang båttur frå Finnøya ligg Flatflesa fyrstasjon, der det har vore aktivitet sidan 1902. Fyret var bemanna fram til 1988, og opp gjennom åra har sju fyrvaktarar budd og arbeidd her. Ved sidan av å nyte den fine naturen er det mogleg å få ei omvising for å høyre meir om den spanande kulturhistoria fyret kan skilte med.

Prøv fiskelukka på havet!

For den fiskeglade, er det også mogleg å leie seg båt med skipper og utstyr for ein opplevingsrik fisketur med utgangspunkt i Finnøya. Sommaren er høgsesong for sei, og har ein fiskelukke, kan det bli ein tungt lasta båt som returnerer til land.

Slapp av med badstu og basseng

Berre nokre meter frå Finnøy Havstuer ligg badeanlegget Håp i havet. Dette anlegget med sin flotte arkitektur har både basseng, barnebasseng med boblebenk og badstu. Her er også eit trimrom om ein har lyst til å halde forma vedlike. 

Finnøy Havstuer ligg like ved ferjeleiet, og etter ein god frokust, kan du halde fram reisa til sjøs  - denne gongen mot fantastiske og koselege Ona. 

Finnoey_sjoehus.jpg

Morgonstund ved Finnøy Havstuer. Etter ein god frukost kan ferda gå vidare til Ona med ferje. (Foto: Ingrid Kvande).

Ona fiskevær

Ona er eit gamalt fiskevær med trehus frå 17-1800-talet, og består av øyane Ona og Husøya som har ei bru mellom seg. I dag er det 16 fastbuande her, men det er langt fleire som har sikra seg feriestad her ute i havgapet. På det meste var det rundt 300 fastbuande på øya. Dei fleste husa ligg samla det såkalla Onagarden. Her ligg trehusa tett i tett som om dei søkjer saman i ly for ver og vind. Og det stemmer sjølvsagt. Husa var nok bygd tett for å verne kvarandre og på plassar der dei var minst mogleg utsett når stormane stod på som verst. 

Ona.jpg

Gamle trehus

Eit av husa heiter Steffågarden. Dette er i dag ein del av Romsdalsmuseet. Huset er innreidd slik det var då huset var bygd, og her er det mogleg å få seg ei omvising. 

Kreativiteten blomstrar

Når ein kjem ut til Ona, kan ein ikkje anna enn å roe ned. Det er noko om med omgjevnadane og stemninga. Her kan ein føle på kontrastane med det ramsalte og naturkreftene, som skapte eit krevjande liv for fiskarane, og den trygge hamna. 

På Ona er det fint å vandre omkring, for det er mykje fint å sjå på, som stranda, gravstaden, og husa i seg sjølv, eller berre la blikket kvile ut i horisonten. Her er også to keramikkverkstader, handarbeidsbutikk, kunstutstilling og kiosk. Mange kunstnarar og fotografar brukar øya som inspirasjonskjelde. Det skiftande veret, det opne landskapet og fargespelet gjer staden spesiell.

Mankellhuset_paa_Ona.jpg

Den svenske krimforfattaren Henning Mankell er ein av dei som vart fascinert av Ona. Han kjøpte seg hus her, og etter at han døydde tok Dramatikarforbundet over huset, og medlemane brukar det til skrivestove. Mankellhuset er det okerfarga til venstre. (Foto: Ingrid Kvande).

Mankellhuset

Krimkongen og forfattaren Henning Mankell er ein av dei mange som forelska seg i Ona. Svensken kjøpte seg hus her i 2013, etter å ha vore begeistra for staden heilt sidan 70-talet, då han var der første gongen. På Ona fann han gleda ved å berre vere til.
Mankell døydde i 2015, og han testamenterte huset sitt til Dramatikarforbundet slik at det skal brukast til skrivarstove til medlemane. Mankellhuset ligg på Husøya.

Rikt fugleliv

Ona kan også skilte med eit svært rikt fugleliv. Heile 234 fugleartar er observert på Ona og Husøya, og mange av desse er svært sjeldne. Hausten er den beste tida for fuglekikking, men også om sommaren kan ein vere heldig å sjå heilt spesielle fugleartar.

Se flere opplevelser
ona-fyr_-foto-oddgeir-visnes.jpg

Ona fyr ligg på Onakalven, som er det høgaste punktet på øya. Fyret ble bygd i 1867. Same år var fyrapparatet i toppen av tårnet stilt ut på verdsutstillinga i Paris.

Ona fyr

På det høgaste punktet på Ona, finn vi Ona fyr, kjent mellom anna frå boka med same namn, men mest kjent som ein vegvisar for sjøfolk sidan det blei bygd i 1867. Same år vart fyrapparatet i toppen av tårnet utstilt på verdsutstillinga i Paris.
Ona fyrstasjon, som består av hovudfyret, bifyr, boligar, uthus og eit område rundt, er freda av Riksantikvaren. Når ein går opp til det 15 meter høge fyret får ein fin utsikt over øya og havet og inn mot fastlandet.

Overnatting

Like ved ferjeleiet på Ona ligg Ona Havstuer, som tilbyr både overnatting og matservering. Her varer sesongen frå 29. juni til 4. august, og då er restauranten open anten ein vil ha middag eller lunsj. Om ein ikkje skal overnatte her ute på Ona, gjeld det berre å følgje med når ferjene går slik at ein rekk den siste som går attende til Finnøya. 

Travel like the locals

Turen frå Ålesund til Harøya, Finnøya og Ona er ein del av Travel like the locals, som er reise med offentleg transport. Andre av desse turane går i by- og fjordlandskap. Denne havreisa er dermed flott å kombinere med dei to andre for på kort tid verkeleg å få sett mykje av kva regionen har å by på. 

Del: